Folkeminnesamlaren frå Rauland etterlot seg ei fotosamling med over 600 motiv. No har fotoarkivaren ved Telemark Museum digitalisert dei.

Raulendingen Rikard Berge (1881-1969) var folkeminnegranskar og konservator og i 1916 blei han tilsett som styrar for Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, nå Telemark Museum. Han gjorde eit fabelaktig arbeid med å samle inn tradisjonsmateriale frå Telemark. Han rødde med folk, teikna ned historier, sagn og eventyr, og var også folkemusikar. Det vi hittil ikkje har visst mykje om, er at han var ein dyktig fotograf.

Ga arkivet til Telemark Museum

– I 2011 fekk Telemark Museum overta fotoarkivet etter Rikard Berge, gjeve av barnebarnet Vigleik Kleven. Men det er først no vi har hatt sjans til å digitalisere dei over 600 negativa som er på glasplater, fortel Tor Kjetil Gardåsen og Ellen Rodvang.
Gardåsen er førstekonservator ved Telemark Museum og kan veldig mykje om Rikard Berge.
– Dei fleste bileta i samlinga er ukjende, eg trur bare enkelte av dei er framkalla og spreidd.

Kulturhistorisk verdi

I samlinga er det bilete av folk, gardar og tun som har stor kulturhistorisk verdi.
– Det er også fotografi av interiør og gjenstandar som fortel mykje om korleis det såg ut, korleis folk hadde det før, i ein epoke frå 1905 til 1945, seier Gardåsen.
Berge har vore mest i Vest-Telemark og samla inn stoff, men også i Hjartdal og faktisk ei lita samling foto frå Tynset finst.

Nøyaktige protokollar

Rikard Berge var ein systematikar, og det fylgjer nøyaktige protokollar med til fotografia. Det er navn på folk og eigarar av hus og gardar. Det er årstal og heimstad – kvar det er tatt. Men handskrifta til Rikard er tidvis vanskeleg å forstå, og det er tidkrevande arbeid. Difor vil ikkje bileta bli publisert på digitaltmuseum.no på ei stund.
– Vi seier i løpet av 2018, då burde vi vere innafor, seier Rodvang, som er avdelingsleiar for Samfunnsminnet ved Telemark Museum.

Viser bilete i Rauland

17. oktober vitjar Gardåsen og arkivar Vibeke Dolva Rauland historielag på Raulandsakademiet.
– Då håpar me å få hjelp til å få endå meir informasjon om bileta; om stader og menneske. Vi er spente på responsen når vi kjem med fotografia til Berges heimbygd, seier Gardåsen.

Verdfull i vidare arbeid

Fotografia til Berge har så god kvalitet at dei kan brukast til både bøker og utstillinger i åra som kjem.
– Samlinga er ein skatt i så måte. Vi ser for oss at fotografia får plass i både bøker, årsskrift og utstillingar i åra som kjem. Dei kan også bli ein ressurs for folkeminnegransking framover, meiner museumsfolka ved Telemark Museum.