fbpx

Konsert: Jul i nord

Jul i nord, en konsert i Brekkeparken som garantert vil sette deg i julestemning
Kjøp billett

Jul i Nord er glorete, glitrande jolepynta Nordlandshus i vintermørket. Jul i Nord er sakral fred under tente adventsstaker til messe i den vesle trekyrkja. Jul i Nord er fest og frieri i romjola, då alle endeleg har tid til slikt. Og Jul i Nord er skumle, underjordiske vesen som luskar seg fram når mørkret senkar seg over Norden.

Jul i Nord er garantistar for jolestemning anten du vil le, synge med eller berre la jolefreden senke seg. Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal/gitar), Hanna Andersson (fele/vokal), Morten Kvam (bass/vokal) og Hilde Fjerdingøy (torader/vokal) har sidan 2015 gleda folk frå nord til sør med song og spel og sin lune humor. Dei har saman funne sin eigen måte å lokke fram jolestemningen på. Her får du joleskattar frå Nordland (med litt obligatorisk Telemarksinnslag), drivande dansemusikk og kjente, kjære jolesongar i ny drakt. Musikken serveras saman med historier og forteljingar knytt til jol og joletradisjoner, både av det humoristiske og det mystiske slaget.

Jul i Nord ber deg inn til ein jolekonsert du seint vil gløyme – ein konsert med duft av kongerøkelse, snus og furunål.

Skriv inn ditt søkeord og trykk enter