/Spor etter Henrik Ibsen i Øvre Telemark

Spor etter Henrik Ibsen i Øvre Telemark

Laster Arrangementer

«Jeg besøgte som gut i et års tid tegneskolen i Skien og lærte der lidt blyantstegning. Samtidig eller lidt senere fik jeg nogen vejledning i oljemaling af en ung landskabsmaler Mandt fra Telemarken, som undertiden opholdt sig i Skien.»
– Henrik Ibsen

På Venstøp i Skien heng det eit oljemåleri med motiv frå Bandak og Dalen. Det er Henrik Ibsen som sjølv skal ha laga måleriet.

Var han på Dalen som ung mann? Kva band hadde han til Øvre Telemark? Kven var Mikkel Mandt – landskapsmålaren og Iæremeistaren til Henrik Ibsen?

Den 17. november vert det pop-up-utstilling, lesing, kåseri m.m. på museet i Eidsborg. Programmet byrjar kl. 16.00.

Jørgen Haave, litteraturvitar og fyrstekonservator ved Telemark Museum – «Stammar Henrik Ibsen frå Øvre-Telemark?»

Narve Fulsås, professor i historie ved UiT – «Korleis kunne Henrik Ibsen lage måleriet av Dalen?»

Montserrat Ontiveros og Hans Jacob Sand (innleiia av Tilman Hartenstein): «Naar vi døde vaagner».

Inngang kr. 100,- inkl. kaffe.

Tiltaket er støtta av Telemark fylkeskommune gjennom tilskotsordninga «Telemark leser Ibsen» og er eit samarbeid mellom Tokke Bibliotek og Vest-Telemark Museum.

Foto: Telemark Museum.