/Vil sy bunader på heiltid

Vil sy bunader på heiltid

  • Kristin Medalen satsar på bunadssying på heiltid, og brukar Telemark Museums magasin for å finne mønster og modellar.

Kristin Medalen satsar på bunadssying på heiltid, og brukar Telemark Museums magasin for å finne mønster og modellar.

– Nå er eg snart 40 år, så nå startar eg for meg sjølv, seier Kristin Medalen og teiknar på eit lerretsstoff med stø hand. Ho er på besøk i magasinet til Telemark Museum. Meldalen er jamnleg på besøk for å sjå på gamle drakter og teikne av, slik at ho får mønster til nye stasplagg.
– Det er ubetaleleg å sjå gleda når folk tar på seg bunaden før første gong. Dette er ein jobb til å bli glad av, sier Medalen.

Mange variasjonar

– Eg er utdanna kjole- og draktsyerske, og har alltid sydd, dei siste 20 åra har det dreia seg om bunader. Syr du bryllupskjolar må du starte på «scratch» kvar gong. Med bunader er utgangspunktet likt, men du kan lage eit uttal av variasjonar.
Det eg likar aller best, er å sy til nokon. Tilpasse og gjere bunaden personleg. Det har stort sett gått i bunader til jenter, men eg har også lyst til å sy meir til menn, og kanskje denne gamle drakta frå Vest-Telemark, seier ho og viser fram ei gråtrøye. Til trøya høyrer det ein vest med lilla silkeband og grått for.
– Eg har sydd nokre herrebunader frå Øst-Telemark, men denne gamle modellen frå Vest-Telemark blir ei ny utfordring.

Nevø fekk spelemannsdrakt

– Spennande! Sjå, her er det bare late-lommer. Og dei stinga rundt knappehola, hm, kan dei vere sydd seinare, drodlar ho og held varsamt opp det gamle stasplagget som finnes i museets magasin.
For ei lita tid tilbake sauma ho ein kopi av drakta til spelemannen Lars Fykerud.
– Eg hadde jo likt den lenge, og fått teikna den av her på museet, men hadde ingen å sy den til. Heldigvis ville nevøen min ha spelemannsdrakta. Han blei så fin!

Heilt norsk

Medalen ynskjer at ho kan bidra til at bunadstradisjonen blir halden i hevd.
– Mange av teknikkane knytt til bunadsmaking er på raudlista til Norsk husflidslag, så det er veldig gledeleg at nokon unge er interessert i å lære desse handverksteknikkane, sier Alice Brandal Baklid, tekstilkonservator ved Telemark Museum
– Det er veldig moro å ha deg på besøk. Eg får liksom eit nytt syn på tekstilane. Når vi jobbar så mykje med dei, kan ein nesten sjå seg blind og ikkje legge så godt merke til det vakre og unike, seier ho.

Lære mest mogleg

– Nå ser eg på herrebunad frå Vest-Telemark, og eg er også interessert i bringeklutbunaden frå Vest-Telemark. Målet mitt er å lære meg flest mogleg teknikkar, men eg ser at eg ikkje kan lære meg alt sjølv. Difor er samarbeid med andre viktig. Det er folk som kan strikke strømper, veve belter og driv med brodering, ja, håndlaga tilbehør generelt. Eg trur vi er fleire som driv for oss sjølve som kan dra veksel på kvarandre, seier den ferske bunadstilvirkaren i «Kjærringa med stakken».