Velkommen når Borghild Telnes, Gry Grindbakken og Kristine Søgnen opnar utstilling i Brekkeparken 9. november kl. 14.
Torsdag 9. november kl. 14 opnar me ei nydeleg utstilling i banksalgangen på museumsbygget VEV i Brekkeparken.
Ein skog av trådar
Tolkingar i tråd, tekst og teikn
Ein skog av trådar er tittelen på ei utstilling som er eit samarbeid mellom bildekunstnaren Borghild Telnes og filigransylvsmedmeister Gry Grindbakken. Kristine Søgnen har skrive tekstane.
Borghild Telnes stiller ut trådarbeid, teikningar og kalligrafi, medan Gry Grindbakken har med seg sylvarbeid. Nydeleg handverk i tynne trådar, både dei som er i tekstil og dei som er av sylv. Utstillinga står til over nyttår og er gratis for alle som vil sjå.
Utstillingsopninga varar frå kl. 14 til kl. 16.
Borghild Telnes (f.1961) er kalligraf og kunstnar og har drive eiga verksemd i Seljord
sidan 1998. Ho har utdanning innan kalligrafi og kunst og arbeider med skrift i
kombinasjon med teknikkar som handsaum, trådteknikkar, illustrasjon og trykk
av ulike slag. Verktøya ho brukar er penn, pensel, nål og kniv. Borghild arbeider med
tekst som inspirasjon og tolkar dette i sitt skrift- og biletspråk. Ho har arbeidd saman
med andre handverkarar og kunstnarar i fleire utstillingsprosjekt dei siste 20 åra
og har stilt ut arbeida sine i Noreg, England, Russland og Japan.
Kristine Søgnen (f. 1975) er frå Dale i Sunnfjord, men er no busett i Bø, der ho jobbar som
miljøarbeidar. På fritida brukar ho tida si på å skrive. Kristine har ikkje gjeve
ut noko, men har samarbeidd med Borghild Telnes, på ulike prosjekt, over fleire år.
Kristine har bakgrunn frå forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Bergen.
Gry Grindbakken (f.1969) er ein av få filigransylvsmedmeistarar i Noreg, og ei av svært få som
produserar ekte handlaga bunad- og draktsylv i filigransteknikk. Gry er oppteken av handverk
og tradisjon, men også av det nyskapande, leikande og kreative som folkekunsten innbyr til.
Dette gjev seg uttrykk i nye syljer, både kopiar og rekonstruksjonar av gamle syljer, men også
nye varianter, som alle er godt innafor dei tradisjonelle normene. Ho blir inspirert av folkekunst
og kulturarv; tekstilhandverk, natur, fargar og andre kulturar er sterke inspirasjonskjelder for
smykker og installasjonar i ei meir kunstnarisk retning enn det tradisjonelle sylvet.
Borghild og Gry blei kjende med kvarandre i 2008 gjennom Fram-kultur som Telemark fylkeskommune arrangerte.
Frøet om samarbeid blei sådd og dei har produsert fleire utstillingar sammen – til glede for dei begge.