Same om du er for eller imot Google-etableringa, så blei onsdag 7. februar ein historisk dag for Skien.
Av Tone Lundeberg, informasjonsansvarleg
Nyheita om at Google faktisk skal bygge på Gromstul, og at første byggesteg skal vere ferdig alt i 2026, blei kunngjort hos oss i Brekkeparken. I det me kallar Banksalen i museumsbygget VEV.
Ingen visste noko på førehand, bare at Banksalen var booka til kl. 12:30. Rett nok fekk eg ein tipstelefon like før som sa at det nok kunne vere smart å delta på pressekonferansen. Noko stort var i ferd med å skje.
Eg kom ned i vestibylen og såg fylkesordførar, ordførar, tidlegare ordførar, folk frå kommuneadministrasjonen, frå Skien by, pressefolk frå NRK, TA og Varden, fleire engelske, eller kanskje dei var irske, eg høyrde ikkje så godt. Og så, til slutt, kom digitaliserings- og forvaltningsministaren.
Verken kokken eller resepsjonisten, direktøren på Telemark museum eller nokon andre hos oss visste kva som var i emning. Dette var i utgangspunktet ei heilt vanleg bestilling av salen. Ei hending som skulle vare ein halvannan times tid. Men klart, det gjekk jo eit lys opp for oss alle etter kvart …
Eg helsa på vertskapet, som viste seg og vere leiar for Google Noreg. Ho smilte og sa at det var heilt greit, eg var hjarteleg velkommen inn til pressekonferansen. Dessutan synest ho det var så fint her hos oss. Eit nydeleg bygg, og ein nydeleg dag, med sola som skein ute på den snødekte Brekkeparken på toppen av Skien by.
Bilde måtte knipsast, forstod eg. Mange bilde. For nå ante eg jo kva som skulle skje. Dette kom til å ein dag både for dei lokale og dei nasjonale historiebøkene. Og tenk at det skulle skje i Brekkeparken! På Telemark museum.
Dette måtte da bli mat for arkivet. Eg peika mobilkamera mot den eine etter den andre som eg tenkte kunne vere viktig å få med. Ikkje oppstilte bilde denne dagen. Mest mogleg naturleg, slik som dei stod og sat og prata med kvarandre.
Inne i Banksalen stod Google-bannarane oppstilte på kvar side av lerretet som skulle vere med på å vise oss den store avsløringa. Ja, det kunne ikkje vere tvil lengre. Nå skulle byggestart avslørast. Sikkert som, ja, nettopp, som banken.
Folk sat spente, tett i tett i amfiet. Små smil, blikk mot lerretet. Journalistar med store kamera knipsa i eitt sett. NRK filma.
Så skjedde det. Noregssjef i Google, Tine Austvoll Jensen Fornell ønskte velkommen til ein stor dag. Ho var glad og stolt over å kunne seie at Google hadde bestemt seg for å bygge på Gromstul. Applaus! Glede! Mobilkamera som foreviga augneblinken.
Det skal bli eit bærekraftig anlegg, fekk me vite. Ord som grøn straum, solcellepanel og varmegjenvinning blei nemnt i tillegg til store, økonomiske ringverknadar lokalt, med 4000 arbeidarar under bygginga og 100 arbeidsplassar når anlegget var ferdig. Google lova å bli ein god nabo og ein aktør i lokalsamfunnet.
Digitaliserings- og forvaltningsministar Karianne O. Tung var også stolt og glad over å kunne helse Noregs Google-datalagringssenter velkommen. Eit enormt anlegg, Hyperscale, faktisk.
Ordførar Marius Roheim Aarvold hadde tatt seg fri frå pappeperm for å få med seg dette.
– Thank you, and let the digital revolution begin, avslutta han innlegget sitt med.
I salen sat gamleordføraren, Hedda Foss Five. Ho hadde ikkje taletid denne dagen, men ho var fornøgd med det ho såg. Endeleg skjedde det som ho hadde kjempa for og lagt til rette for i mange år som ordførar.
Det blir spennande framover. Debatten for og imot går for fullt nå i dagane etter. Blir det den vanlege mann og kvinne som skal betale dersom spådomar om dyrare straum slår til? Og så all den skogen som er borte, er det bærekraftig? Tenk at Google krev fem prosent av all straum i Noreg, går det verkeleg an? Korleis skal den etablerte, tradisjonelle industrien i Grenland klare seg dersom dei ikkje får nok straum? Kommentarfelta går varme når TA og Varden legg ut sine Google-saker.
Litt ironisk kanskje at så mange som er imot Google-senteret ytrar seg på nettbaserte medium, som for eksempel Facebook? Me er mange som er blitt avhengige av lagringsskyer og nettkapasitet. Skya er ikkje ein stad, Skien er ein stad. Det er slik verda har blitt. Datalagring krev nedkjøling og dermed straum.
Kva skriv og meiner me om dette i 2026? Eller om 10 år? Har det kome vindmøller og solcellepanelparkar som dekker kvar ledige centimeter av Grenland? Telemark museum har ei formidlingsrolle her. Me tek fortida inn i framtida. For alle – for alltid.
Så vil tida vise. Bilda frå den historiske dagen er lagra hos meg, både på min mobil, i Telemark museums arkiv og i ei Google-sky.