fbpx

Taffel & Vaffel: Nordstoga & Reistad

Velkommen til gratiskonsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad laurdag 4. november kl. 15

Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Over alt der dei fer set dei spor, dei er ei musikalsk lukkepille.

No er dei aktuelle med albumet “Tom Duley og andre viser”, som er fyrste duoplata deira. Der finn ein songar henta frå viseboka med same namn, som Hartvig Kiran gav ut i 1962. Publikum får høyre gamle nordamerikanske viser i Kirans nynorske omsetjing, i Nordstoga og Reistads doggfriske versjonar. Dette er viser som vart mykje brukt på 70-talet av artistar som Lillebjørn Nilsen, Kari Svendsen, Jørn Simen Øverli, Ivar Medaas og Lars Klevstrand. Nordstoga og Reistad har fått strålande mottaking for albumet og for lanseringsturneen som dei no er i full sving med.

Link til spotify

Link til musikkvideo

Taffel & Vaffel

Takket være støtte fra Sparebankstiftelsen Telemark kan Telemark museum tilby gratiskonserter i høst. Disse har vi kalt Taffel & Vaffel og starter lørdager kl. 15. Kjøp deg for eksempel en vaffel (eller ingenting) og få en flott konsertopplevelse. I tillegg kan du se våre gratisutstillinger i samme etasje.

Konserter høsten 2023:

 

Søk
Search